torsdag 2. oktober 2008

Opptur eller Nedtur?

Ja omsider fekk eg levert bunnplata til sandblåsing... men dei samme folka skulle og fikse rammehovudet for meg. Og med fikse, så meiner eg å kappe ut alle plassane det var rusta tynt og vorte hol.. etter det skulle dei sveisa på bunnplata på rammehovudet..

Dette burde vera enkelt for eit proffesionelt verksted, men du veit, på sånne verksteder skal ting gå fort, og det viser GODT igjen på resultatet..

Dvs. INGEN av holene eller rustplassane, er reparert, også har dei prestert med å sveisa på plata nesten ein halv cm lenger bak! og berre det er jo utrulig att dei får til!

Men eg har snakka med dei, og dei skal ta det opp igjen, så bunnplata skal leverast inn igjen i morgo (3.10.08) Vist dei ikkje får fiksa da då, nei då veit eg ikkje kor detta skal enda..

Heldigvis klarte dei å sandblåsa, så bunnplata er ivertfall RUSTFRI! i tilleg har dei hatt hulromsbeskyttelse inni samt grunna den utvendig!

Komt heim igjen!
Bakenden, den beste delen på heile driten
Småbetane er vorte reine 'og!
Fronten, den verste delen på heile driten!
Gjett om dette er tett...

Ingen kommentarer: